Me har 9 hestar som me eig sjølve og har ståandes her heile året. Det er 4 Dølahestar, 3 Shetlandsponniar, 1 Dartmoorponni og 1 Ardenner. Alle hestane som begynner med «Fjell» i navnet sitt er født her på garden 🙂
På sommaren låner me inn hestar i mange ulike rasar og storleikar! Me får mange av dei samme hestane tilbake kvar sommar og det LIKAR me! Det som kjenneteiknar dei er at dei er SNILLE og GREIE! Likar folk, både store og små, og trivst saman med sine 2 og 4 beinte venner heile sommaren.

Fjell-Lina
Rase: Shetlandsponni
Født: 13.05.2014
Vakre Fjelllina er Kristin sin favoritt ponni:-) Blir brukt til riding og køyring:-)

Fjell-jenta
Rase: Shetlandsponni
Født: 08.07.2023
Skjønn lite jenta 🙂 Mor er Babylou <3

Babylou
Rase: Shetlandsponni
Født: 08.04.2000
Ein stor flott Shetlandsponni med masse motor. Snill som dagen er lang <3
Vert brukt til riding og køyring. Ranveig sin favoritt-ponni 🙂

Fjellgleda
Rase: Dartmoorponni
Født: 26.05.2014
Pen, ung «dame» som er veldig elegant 🙂 Er Oda sin ponni. Blir brukt til rideleir 🙂

Sogna Brona
Rase: Dølahest
Født: 2011
«Tante Brona» til Tassn og Fjellfrøken er ei stødig og kjekk hoppe som blir brukt til riding og køyring 🙂

Rusken
Rase: Dølahest
Født: 2010
Fin køyre og ridehest 🙂 Blir brukt til kanefart og som ledarhest 🙂

Sogna Tassn
Rase: Dølahest
Født: 05.05.2024
Tassn er blitt vallak og me håpar han blir ein knall brukshest 🙂

Sogna Fjell-frøken
Rase: Dølahest
Født: 09.05.2025
Fina frøkne er siste fødte på Årmot 🙂 Vetlasystre til Tassn 🙂

Alfred
Rase: Ardenner
Født: 2022
Vårt siste kjøp 🙂 4 år gammal Ardenner frå Sverige. Håpar han blir ein god køyrehest på sikt 🙂

Fjellrapp
Rase: Kaldblods
Født: 7.april 1991 – 2022 <3
Goe, gamle Fjellrappen har budd her heila livet og er difor kongen på Årmot 🙂 Han er «mor» sin hest.
